Milepæl for vårt utbyggingsprosjekt i Sogndal

Etter nesten tre år med førebuingar og planlegging, har Allstad og Einarsen Eigedom sendt inn planinitiativet for regulering av den sokalla «Billagstomta» i Sogndal.
Publisert 06.12.2024

Innsending av planinitiativet markerer ein viktig milepæl i samarbeidet mellom dei to selskapene som står bak prosjektet. Planinitiativet er også resultatet av eit godt samarbeid mellom utviklingsselskapet, Vestland fylkeskommune, Sogndal kommune, Skyss, lokalbefolkinga og det lokale næringslivet.

Prosjektet har som mål å transformera eit sentralt kvartal midt i fruktbygda Sogndal til eit attraktivt område for både bustadar og næringsverksemd.

– Innsendinga markerer startskot på ein spanande prosess, der dagens skysstasjon skal utviklast til å bli eit levande og attraktivt byrom og knutepunkt, seier utviklingsdirektør i Allstad Magnus Indrebø.

Han ser frem til å samarbeida vidare med myndigheiter, næringsliv og lokalbefolkinga for å realisere potensialet som ligg i denne tomta og skape ein viktig lokal møteplass og eit regionalt knutepunkt.

– Vi ønskjer å takka Einarsen Eigedom, LOF Arkitekter, Multiconsult og alle som har bidrege i prosjektet så langt – no er vi verkeleg i gang!