Ho skal leia ein av dei største grunneigarane i Noreg

Cecilie Martinsen vert ny toppleiar for Allstad, det eine selskapet som står bak Sogndalsporten. Med det vert ho leiar for ein av dei største grunneigarane med eigedom fordelt på nær 300 kommunar over heile landet.
Publisert 04.06.2025

Med prestegardsarven til grunn skaper Allstad verdiar for lokalsamfunna – ikkje berre gjennom eigedomsutvikling, fornybar energi, skogbruk og friluftsliv. I tillegg går utbyttet tilbake til fellesskapen og sikrar vedlikehald av historiske kyrkjebygg over heile landet.  

– Det motiverer meg sterkt å få leia ei verksemd som kombinerer kommersiell kraft med eit tydeleg samfunnsoppdrag. Allstad har ein unik posisjon i Noreg, og eg ser fram til å vidareutvikla selskapet saman med dyktige kollegaer og samarbeidspartnarar, seier Cecilie Martinsen.

Martinsen kjem frå rolla som administrerande direktør i Selvaag Eiendom, der ho har vore dei siste åtte åra. Ho har også bakgrunn frå ISS Facility Services, Rom Eiendom, NCC Construction, PWC og Posten Noreg.

– Allstad er eit selskap med djupe røter og store ambisjonar. Det å få vera med på å forvalta og utvikla verdiar som kjem samfunnet til gode, er både meiningsfullt og inspirerande, seier Martinsen.

Styrets lederOle-Wilhelm Meyer
NestlederHarald Kurt Siewert
StyremedlemEldbjørg Sture
StyremedlemMustafa Gündüz
StyremedlemMona Askmann
StyremedlemHildegunn Naas-Bibow
StyremedlemUlf Myrbø

Forventningsfull styreleiar

– Me fekk særs mange gode søkjarar med lang erfaring og bakgrunn frå store organisasjonar. Me er trygge på at Cecilie Martinsen er rett person til å leia Allstad. Ho imponerte oss med si refleksjonsevne og forståing for kva det inneber å leia ein statleg eigd, kommersiell verksemd, seier styreleiar Stephan L. Jervell.

– Eg trur ikkje me kunne fått ein leiar med meir relevant erfaring innan eigedom og eigedomsutvikling. Ho har sterk strategisk og kommersiell forståing, noko som blir viktig for Allstad framover, legg han til.

 

Det er enno ikkje bestemt når Martinsen tiltrer. Noverande administrerande direktør, Ole-Wilhelm Meyer, held fram i rolla fram til Martinsen tiltrer stillinga og Meyer går av med pensjon.

Med prestegardsarven som utgangspunkt skapar Allstad verdiar for lokalsamfunn – ikkje berre gjennom eigedomsutvikling, fornybar energi, skogbruk og friluftsliv. I tillegg går utbyttet attende til fellesskapet og sikrar vedlikehald av historiske kyrkjebygg over heile landet.  

– Det motiverar meg sterkt å få leie ein verksemd som kombinerer kommersiell kraft med eit tydeleg samfunnsoppdrag. Allstad har ein unik posisjon i Norge, og eg ser frem til å vidareutvikle selskapet saman med dyktige kollegaer og samarbeidspartnarar, seier Cecilie Martinsen.

Martinsen kjem frå rolla som administrerande direktør i Selvaag Eiendom, der ho har vore dei siste åtte åra. Ho har også bakgrunn frå ISS Facility Services, Rom Eiendom, NCC Construction, PWC og Posten Norge.

– Allstad er eit selskap med djupe røter og store ambisjonar. Det å få vera med på å forvalta og utvikla verdiar som kjem samfunnet til gode, er både meningsfullt og inspirerande, sier Martinsen.

Forventningsfull styreleiar

– Vi fekk særs mange gode søkarar med lang erfaring og bakgrunn frå store organisasjonar. Vi er trygge på at Cecilie Martinsen er riktig person til å leia Allstad. Ho imponerte oss med sin refleksjonsevne og forståing for kva det inneber å leia ein statlag eigd, kommersiell verksemd, seier styreleiar Stephan L. Jervell.

– Eg trur ikkje vi kunne fått ein leiar med meir relevant erfaring innom eigedom og eigedomsutvikling. Ho har sterk strategisk og kommersiell forståing, noko som vert viktig for Allstad fremover, legg han til.

Det er enno ikke avgjort når Martinsen startar. Noverande administrerende direktør, Ole-Wilhelm Meyer, held fram i rolla til Martinsen tek over stillinga og Meyer går av med pensjon.